Back to All Events

Palestinakonferansen 2017

Fellesutvalget for Palestina inviterer til
PALESTINAKONFERANSEN 2017: Noreg og Palestina sidan 1967

Då Israel oppretta seg i 1948 var det langt mellom Israel-kritiske perspektiv i norsk offentlegheit. Med den brutale militærokkupasjonen av Aust-Jerusalem, Vestbreidda og Gaza i 1967 kom etterkvart eit endra syn på Israel og Palestina i Noreg. Det vaks fram ei sterk solidaritetsrørsle for palestinarane, med helsearbeidarar i spissen. Norske politikarar byrja etterkvart å gå vekk frå den einsidige støtta til Israel og det palestinske perspektivet fekk i større grad sleppe til i media sine forteljingar om kva som skjedde i Midtausten. 

På 1980-talet kom norske FN-soldatar som vart sendt til Libanon heim med andre fortellingar om Israel enn dei som stod i norske skulebøker. Då Oslo-avtalen kom på 1990-talet trudde ein at den norske hovedstaden ville verte kjend som byen kor ei fredleg tostatsløysing kom i stand. Istaden vert no Oslo brukt som eit skjellsord i Palestina. 

I dag er Palestina eitt av dei norske fokuslanda innan bistand, altså eit land kor ein gjennom styrka innsats vil bidra til stabilisering og fredsbygging. Noreg leier framleis gjevarlandsgruppa for bistand til Palestina, og speler difor ei sentral rolle internasjonalt i dette arbeidet. Men kva slags bistand som fungerer på bakken, er det ikkje semje om. Og kva hjelper all verdas bistand så lenge det ikkje vert lagt sterkare politisk og økonomisk press på Israel for for å avslutte okkupasjonen?

INNLEIARAR:
Peder Martin Lysestøl - Den norske solidaritetsrøsla i 50 år
Berit Mortensen - Bistand og utviklingshjelp til Palestina
Petter Bauck - Oslo-avtalen og verknadar av den
Dag Tuastad - Gaza dei siste 10 åra og splittelsen mellom Fatah og Hamas
Lori Allen - Mitchell-rapporten om bakgrunnen for den andre intifadaen

Konferansen er gratis og open for alle, men vi set pris på om du melder deg på gjennom skjemaet her så vi veit omlag kor mange som kjem: http://bit.ly/2gfuvAt

Facebook event finner du HER

Earlier Event: October 28
Innsamling og stand på Grønland torg