Protestaksjon mot Nammo på Raufoss

Demonstrantane meiner Nammo produserer våpen som Israel nyttar mot sivile palestinarar. Sjølv om det finst lovverk som forbyr direkte våpensal til Israel, sel Nammo produkta sine gjennom det norskeigde dotterselskapet i USA, Nammo Talley, skriv aktivistane i ei pressemelding.

– Måtte feigskap og uærlegdom ikkje lønne seg lenger. Stopp galskapen! skriv Aksel Hagen, tidlegare stortingsrepresentant for SV og aktivt medlem i Ship to Gaza Norge.

Ammunisjonsprodusenten Nammo AS er eit internasjonalt konsern med hovudkontor i Noreg. Staten har ein eigardel på 50 prosent, ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet.

Politiet var på staden da demonstrasjonen starta tysdag 7.30.

– Vi har ikkje nokon andre opplysningar enn at det går roleg for seg, seier operasjonsleiar Trond Skjøld i Vestoppland politidistrikt til NTB.

Det skal vere om lag 20 aktivistar med på demonstrasjonen.